Søk skuleplass for skuleåret 2023/2024

Tuddal Montessoriskule drivast i skulebygget i Gaustavegen 10 i Tuddal, og er godkjent med 40 elevplassar frå 1. til 7. trinn. Her held me til saman med Tuddal barnehage, og rett utanfor døra har me både lysløype, ballbinge og gode turområde.

Søknadsfristen for skuleplass ved Tuddal Montessoriskule er 1. februar 2023. Elever som alt har fått plass ved skulen treng ikkje søke.

Tildeling av skuleplass skjer ut frå skulens inntaksreglement. For å få kartlagd om eleven har behov for skuleskyss og for å gjennomføre opptaket, treng skulen litt informasjon om barnet og dei føresette i søknadsskjemaet.

Frå Tuddal Montessoriskules inntaksreglement, § 4 Prioritering av elevar ved inntak:

  1. Barn som startar i 1. årstrinn.
  2. Barn med sysken på skulen eller sysken som søkjer i same opptaket.
  3. Barn som bur i geografisk nærleik til skulen.
  4. Barn av tilsette ved skulen.
  5. Barn som har gått på montessoriskule eller i montessoribarnehage.
  6. Dersom to barn stiller likt, avgjer ein inntaket gjennom loddtrekking.
  7. Søknader sendt etter den ordinære søknadsfristen, jf. § 3, vert prioritert etter søknader sendt innan den ordinære søknadsfristen.