Søk skuleplass

Søknadsfristen for skuleplass og SFO-plass er 1. mars. Tildeling av skuleplass skjer ut frå skulens inntaksreglement. For å få kartlagd om eleven har behov for skuleskyss og liknande og for å gjennomføre opptaket, treng skulen litt informasjon om barnet. Fyll derfor ut side to av søknadsskjemaet.

Friskular som Tuddal Montessoriskule kan ta skulepengar for å dekkje nødvendige utgifter. Tuddal Montessoriskule har som mål å drive ein god og rimeleg skule som alle har råd til å gå på, og skulepengane på 360 kroner per månad går med til å dekkje kostnader til daglege fellesmåltid. Dette tilsvarar kommunens sats for matpengar i barnehagen.

Skulefritidsordninga (SFO) ved Tuddal Montessoriskule er eit omsorgs- og fritidstilbod utanom skuletida til elevane ved skulen. Målgruppa er elevar på 1. – 4. trinn, samt elevar med særskilte behov på 5. – 7. trinn. Dersom det ikkje er plass til alle som søkjer, skal dei yngste elevane prioriterast. SFO-året følgjer skuleåret, og er ope når skulen er open og er stengt når skulen er stengt. Dagleg opningstid er om morgonen frå kl. 6.45 – 8.00 og om ettermiddagen frå kl. 15.00 – 16.30. Betalingssats for SFO er 1500 kroner per månad.

Vedtekter for skulen og SFO, inntaksreglement, ordensreglement og andre styrande dokument finn du her.