Innkalling til foreldremøte onsdag 22.5.2019

Til foreldre og føresette til elevar som skal byrje på Tuddal Montessoriskule hausten 2019.

Tuddal Montessoriskule inviterer til foreldremøte onsdag 22.5.2019 kl. 16.30 – 17.30. Møtet haldast på heimkunnskapsrommet på skulen

Agenda for møtet:

  • Presentasjon av rektor, Torhild Landsverk
  • Informasjon om skulerute og vekeplan.
  • Status for godkjenningar, overtaking av skolebygg mv.
  • Vi svarar på spørsmål.

Vel møtt.

Med helsing,
Rektor og styret ved Tuddal Montessoriskule