Søk skuleplass for skuleåret 2020/2021

Tuddal Montessoriskule drivast i skulebygget i Gaustavegen 10 i Tuddal, og er godkjent med 40 elevplassar frå 1. til 7. trinn. Her held me til saman med Tuddal barnehage, og rett utanfor døra har me både lysløype, ballbinge og gode turområde.

Søknadsfristen for skuleplass og SFO-plass ved Tuddal Montessoriskule er 1. februar 2020. Elever som alt har fått plass ved skulen treng ikkje søke.

Tildeling av skuleplass skjer ut frå skulens inntaksreglement. For å få kartlagd om eleven har behov for skuleskyss og for å gjennomføre opptaket, treng skulen litt informasjon om barnet og dei føresette i søknadsskjemaet.

Frå Tuddal Montessoriskules inntaksreglement, § 4 Prioritering av elevar ved inntak:

  1. Barn som startar i 1. årstrinn.
  2. Barn med sysken på skulen eller sysken som søkjer i same opptaket.
  3. Barn som bur i geografisk nærleik til skulen.
  4. Barn av tilsette ved skulen.
  5. Barn som har gått på montessoriskule eller i montessoribarnehage.
  6. Dersom to barn stiller likt, avgjer ein inntaket gjennom loddtrekking.
  7. Søknader sendt etter den ordinære søknadsfristen, jf. § 3, vert prioritert etter søknader sendt innan den ordinære søknadsfristen.

Friskular som Tuddal Montessoriskule kan ta skulepengar for å dekkje nødvendige utgifter. Tuddal Montessoriskule har som mål å drive ein god og rimeleg skule som alle har råd til å gå på, og skulepengane på 371 kroner per månad går med til å dekkje kostnader til daglege fellesmåltid. Dette er det same som kommunens sats for matpengar i barnehagen.

Godt nytt år

Det er rart å tenke på at vi for berre to år sidan, 16. desember 2017, hadde stiftingsmøte for Stiftinga Tuddal Montessoriskule. I løpet av dei to åra har vi søkt om, og fått lov til å starte friskule i Tuddal. I august hadde vi fyrste skuledag med 18 elevar. Fire fellesmåltid i veka, gode arbeidsøkter, lang pause midt på dagen, spanande materiell, varierte dagar og engasjerte lærarar gjer at vekene flyr av garde, og elevar og vaksne ser ut til å trivast.

Tuddal Montessoriskule vil takke alle som har hjelpt oss, både med søknader, økonomiske gåver, praktiske oppgåver, som vikarar, med julemarknaden, med gode råd og med framsnakk av skulen.

Vi gler oss til fyrste skuledag etter ferien måndag 6. januar, og minner om at vi har plass til 40 elevar. Søknadsskjema om skuleplass for nye elevar frå skuleåret 2020/2021 vert lagt ut på nettsida om ikkje så lenge.

Godt nytt år!