Velkommen til vårdugnad tysdag 11. mai kl. 17-20

Våren er i anmarsj og vi ynskjer å invitere til vårdugnad for å gjere det fint til 17. mai.

Til arbeid ute er det tillate med 200 deltakarar, men alle må på grunn av koronasituasjonen registrerast når dei kjem. Dugnaden er open for alle, så inviter gjerne med naboar, besteforeldre, venner av skulen og andre. Jo fleire hender, jo meir får vi gjort og jo trivelegare er det. Det vert enkel servering med kaffi og kaker.

Av oppgåver vi gjerne vil få utført er maling av trapp frå gymsal til hovudinngang, måling av vegg utanfor barnehagen, listing og anna snikkararbeid i gymsalen, spyling av skuleplassen og området rundt gymsalen og feiing, raking, luking og rydding ute.

Kjem det mange, trengs også beising av grillhytta, flytting av strøsandkasser (med traktor og pallegaffel), maling av vegg ved garderobar og diverse anna. Vi har oppgåver nok til alle!

Med helsing Tuddal Montessoriskule, Tuddal barnehage og FAU.