Ledige mellombels stillingar ved Tuddal Montessoriskule

Tuddal Montessoriskule søkjer etter entusiastiske og fagleg dyktige medarbeidarar som brenn for montessoripedagogikk. Tuddal Montessoriskule ligg i den  vakre bygda Tuddal. Skulen er oppteken av å bruka det varierte og vakre nærområde vårt.

Frå 1.1.2021 – 31.7.2021 har vi følgjande ledige stillingar:  

  1. Montessoripedagog i 60 – 80 % stilling.
  2. Spesialpedagog  med montessorikompetanse  i 50 % stilling (fordela på 4 dagar pr. veke)
  3. Assistent i 50 % stilling

1. For stillinga som montessoripedagog ønskjer vi følgjande kvalifikasjonar og utdanning:

  • Grunnskolelærarutdanning 1. – 7. (Gjerne med engelsk, matematikk og norsk  i fagkrinsen)
  • Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk (6 – 9 år og/eller 9 – 12 år) og gjerne arbeidserfaring frå ein montessoriskule.
  • Kjennskap til og interesse for montessoripedagogikken kan kompensere for manglande montessoriutdanning, så lærar utan montessoriutdanning blir også oppmoda om å søkja.

2. For stillinga som spesialpedagog med montessorikompetanse ønskjer vi følgjande kvalifikasjonar og utdanning:

  • Lærar- eller barnehagelærarutdanning.
  • Godkjent vidareutdanning innan spesialpedagogikk.
  • Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk ( 3 – 6 år og/eller 6 – 9 år) og gjerne arbeidserfaring frå ein montessoriskule.
  • Kjennskap til og interesse for montessoripedagogikken kan kompensere for manglande montessoriutdanning, så spesialpedagogar utan montessoriutdanning blir også oppmoda om å søkja.

3. For stillinga som assistent ønskjer vi følgjande kvalifikasjonar:

  • Montessoriutdanning.
  • Erfaring frå eit montessorimiljø.
  • Fagbrev som barne-  og ungdomsarbeidar.

For alle  stillingane ynskjer vi at du har desse personlege eigenskapane:

  • Er engasjert, positiv og tydeleg vaksen som brenn for å få fram det beste i alle barn.
  • Har evne til å skapa ein god og trygg atmosfære og byggja gode relasjonar.
  • Jobbar sjølvstendig og bidreg aktivt i team- og utviklingsarbeid.
  • Er løysingsorientert, fleksibel, likar varierte oppgåver.
  • Kan samarbeida med ulike aktørar innanfor og utanfor skulen.
  • Er punktleg og påliteleg.
  • Bidrar til eit positivt og støttande arbeidsmiljø.
  • Interesse for å bruke naturen og nærområdet som læringsarena.

Vi tilbyr:

  • Tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk.
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer.

Stillingane lysast ut med atterhald om behov, og det er moglegheit for at stillingane kan forlengast.

Søknadsfrist: 16. november 2020

Søknad med CV sendast til post@tuddalmontessori.no

For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Torhild Landsverk på tlf. 90052106 eller e-post: torhild@tuddalmontessori.no

Velkommen til nytt skuleår 2020/2021

Vi gler oss til eit nytt skuleår og ønsker gamle og nye elevar velkommen til skulestart måndag 17. august.

For at alle skal halde seg friske må me framleis følge desse tre reglane:

  1. Dei som er sjuke må halde seg heime til dei vert friske
  2. Halde avstand
  3. God hygiene

Som vanleg vert informasjon frå skulen sendt ut til heimane på e-post.

Søk skuleplass for skuleåret 2020/2021

Tuddal Montessoriskule drivast i skulebygget i Gaustavegen 10 i Tuddal, og er godkjent med 40 elevplassar frå 1. til 7. trinn. Her held me til saman med Tuddal barnehage, og rett utanfor døra har me både lysløype, ballbinge og gode turområde.

Søknadsfristen for skuleplass og SFO-plass ved Tuddal Montessoriskule er 1. februar 2020. Elever som alt har fått plass ved skulen treng ikkje søke.

Tildeling av skuleplass skjer ut frå skulens inntaksreglement. For å få kartlagd om eleven har behov for skuleskyss og for å gjennomføre opptaket, treng skulen litt informasjon om barnet og dei føresette i søknadsskjemaet.

Frå Tuddal Montessoriskules inntaksreglement, § 4 Prioritering av elevar ved inntak:

  1. Barn som startar i 1. årstrinn.
  2. Barn med sysken på skulen eller sysken som søkjer i same opptaket.
  3. Barn som bur i geografisk nærleik til skulen.
  4. Barn av tilsette ved skulen.
  5. Barn som har gått på montessoriskule eller i montessoribarnehage.
  6. Dersom to barn stiller likt, avgjer ein inntaket gjennom loddtrekking.
  7. Søknader sendt etter den ordinære søknadsfristen, jf. § 3, vert prioritert etter søknader sendt innan den ordinære søknadsfristen.

Friskular som Tuddal Montessoriskule kan ta skulepengar for å dekkje nødvendige utgifter. Tuddal Montessoriskule har som mål å drive ein god og rimeleg skule som alle har råd til å gå på, og skulepengane på 371 kroner per månad går med til å dekkje kostnader til daglege fellesmåltid. Dette er det same som kommunens sats for matpengar i barnehagen.

Godt nytt år

Det er rart å tenke på at vi for berre to år sidan, 16. desember 2017, hadde stiftingsmøte for Stiftinga Tuddal Montessoriskule. I løpet av dei to åra har vi søkt om, og fått lov til å starte friskule i Tuddal. I august hadde vi fyrste skuledag med 18 elevar. Fire fellesmåltid i veka, gode arbeidsøkter, lang pause midt på dagen, spanande materiell, varierte dagar og engasjerte lærarar gjer at vekene flyr av garde, og elevar og vaksne ser ut til å trivast.

Tuddal Montessoriskule vil takke alle som har hjelpt oss, både med søknader, økonomiske gåver, praktiske oppgåver, som vikarar, med julemarknaden, med gode råd og med framsnakk av skulen.

Vi gler oss til fyrste skuledag etter ferien måndag 6. januar, og minner om at vi har plass til 40 elevar. Søknadsskjema om skuleplass for nye elevar frå skuleåret 2020/2021 vert lagt ut på nettsida om ikkje så lenge.

Godt nytt år!

Velkomen til julemarknad

Tuddal Montessoriskule arrangerer saman med Tuddal Montessoriskules FAU årets julemarknad på Fossehalli i Tuddal laurdag 16. november. Inntektene går til materiell for skulen.

Dørene åpner klokka 11 for sal av handarbeid, dei kliss nye Tuddal Montessoriskule-krusa våre, julekaker, julenek, kransekakelotteri og kafé med kaker og graut. Vi har også i år det tradisjonelle årelotteriet i tillegg til at gevinstene frå loddbøkene skal trekkast. Vi har både bankterminal og Vipps i tillegg til vekslepengar.

Vel møtt!

Godkjenning som praksisskule

Tuddal Montessoriskule blei i dag 28.10.2019 godkjend av Waterpark Montessori International som praksisskule for montessoripedagogutdanning. Dette betyr mellom anna at dei av lærarane våre som tek vidareutdanning som montessoripedagogar kan gjennomføre deler av den obligatoriske praksisen her i Tuddal, og at vi kan ta imot studentar frå andre skular som treng slik praksis.

Vi takkar Waterpark Montessori International for tilliten og gler oss til eit fortsett godt samarbeid.

Foreldremøte 11.9.2019

Det er nå nokre veker sidan skulestart, og vi vil minne om foreldremøtet onsdag 11.9.2019 klokka 18.00. Meld gjerne frå om de ikkje kan kome, og nøl ikkje med å ta kontakt om det er noko de lurar på!

Dugnad laurdag 10. august kl. 10 – 15

I forhold til skulestart er vi ganske godt i rute. Tusen takk for all hjelp så langt!

I innspurten treng vi å be om ein liten innsats til for å bli heilt klare til skulestart. Vi treng å flytte nokre møbler, vaske litt og male litt, så skulen blir kjempefin og klar til å ta imot elevane.

Vi håper derfor at så mange som mogleg kan hjelpe til fyrstkommande laurdag 10. august klokka 10-15.

Kjem det mange, vert vi ferdige før. Vi serverar pizza midt på dagen.

Godkjent!

Enda en gledens dag i Tuddal!

I dag, 1. juli 2019, fikk vi et positivt vedtak om driftstillatelse for Tuddal Montessoriskule fra Utdanningsdirektoratet. Alt av formelle godkjenninger er dermed på plass, og med driftstillatelsen er både skoleanlegget og personalet godkjent.

I tillegg har vi hatt overtakelse med Hjartdal kommune i dag og formelt overtatt skolebygget i Tuddal. Vi gleder oss til dugnaden førstkommende helg, og håper så mange som mulig har anledning til å delta der. (Fredag kl. 16 – 20, lørdag og søndag kl. 10 – 15).

Tuddal Montessoriskule er nå godkjent til skolestart mandag 19. august i eget skolebygg! Hurra!

Vedtak om godkjenning av skoleanlegg: Check.

Tuddal Montessoriskule fikk i dag 14.6.2019 tilsendt vedtak om godkjenning av skoleanlegg etter friskolelovens §2-4 fra Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.

Med denne godkjenningen i boks har vi også fått sendt søknad om driftstillatelse til Utdanningsdirektoratet innen søknadsfristen 15.6.2019, og vi håper på snarlig positivt vedtak også derfra. Vedtak om driftstillatelse inneholder dokumentasjon av skoleanlegg og kompetanse hos det pedagogiske personalet, og er det siste punktet vi må ha på plass for å være formelt kvalifisert til oppstart 19.8.2019.

Hjartdal kommune er også optimistiske til at vi skal få alt på plass til skolestart. Formannskapet vedtok den 29.4.2019 at den kommunale oppstartsstøtta på 500.000 kroner skulle utbetales, og i dag kom overføringen inn på konto.

Gjør som kommunen, gi så det monner!