Økonomi

Då arbeidet med etablering av Tuddal Montessoriskule starta vinteren 2017 var det naudsynt med innsamling av pengar til etableringa. I innsamlingsaksjonen kom det inn over 225.000 kroner frå over 60 givarar, og då Trine Kahrs gjekk bort i februar 2018 var eit av hennar siste ynskje at skulen skulle få ei minnegåve. Det vart samla inn 27.020 kroner, og vi lovar å bruke dei godt. Tuddal Helselag ga oss også 25.000 kroner til arbeidet med etablering av montessoriskule i Tuddal. Slike gåver varmar!

Foreldra i bygda jobba dugnad og inntektene på ca. 9000 kroner frå sal av julenek og Hjartdalskalenderen gjekk også til etablering av skulen.

Før jul i 2019 arrangerte FAU julemarknad, og inntektene frå denne blei gjeve som gåve til skulen.

Tuddal Montessoriskule fekk ved etablering kjøpe skulebygget i Gaustavegen 10 i Tuddal, kor også den kommunale Tuddal barnehage held til. Stiftinga leiger ut lokale til barnehagen, noko som bidreg til å gje stiftinga ei meir robust økonomi og bidreg til at nødvendige investerings- og vedlikehaldsprosjekt kan gjennomførast.

Hausten 2020 vart ein plan for energisparingstiltak utarbeida etter trykktesting og termografering av skulebygget for å sjå kor tett bygget var. Vi hadde også ein gjennomgang av det elektriske anlegget, der vi fann punkter som måtte oppgraderast.

Sommarferien 2021 nytta vi til ei oppgradering av elektrisk anlegg i skulebygget der heile eller delar av innmaten i dei fleste sikringsskåpa vart bytta ut og gamle kablar erstatta med moderne og brannsikre kablar. Sommaren 2022 la vi ny himling i 3. etasje med tett dampsperre, branngips, LED-lys og lyddemping, og vi har fjerna gammal glassvattisolasjon og etterisolert loftet. Vi har også fleire andre prosjekt på lista som vil gje oss eit tryggare og varmare hus.

Skulen tek imot gåver både på bankkonto 2699.44.95622 og til vårt Vippsnummer 543451. Foreldrerådets Arbeidsutval (FAU) har Vippsnummer 636212 om du ynskjer å støtte deira arbeid. Vil du sende gåver frå utlandet er IBAN-nummeret NO0626994495622 og SWIFT-koden HJARNO21.