Om oss

Stiftinga Tuddal Montessoriskule blei vedteke oppretta i stiftingsmøte i Tuddal laurdag 16.12.2017. Om lag 45 engasjerte Tuddølar møtte opp og signerte som stiftarar av skulen. I løpet av et par hektiske vekers innsamlingsaksjon kom den nødvendige opningsbalansen på 100.000 kroner inn, og i veka etter stiftingsmøtet kom det inn over 50.000 kroner til. Opningsbalansen ble signert 28.12.2017, og dei nødvendige papira sendt inn til Brønnøysundregisteret. Søknad om oppstart av friskule i Tuddal med inntil 40 elevplassar blei sendt 27.1.2018, i god tid før søknadsfristen 1. februar. Til søknaden måtte blant annet vedtekter, styreinstruks, inntaks- og ordensreglement og et realistisk budsjett leggjast ved. I løpet av stiftingas første år har engasjerte foreldre og andre i bygda bidrege, ikkje berre med økonomiske gåver, men også praktisk hjelp og framsnakk. Styret har på si side sendt søknad om løyve til drift av friskule, har vore i dialog med kommunepolitikarane, vore på obligatorisk styrekurs i regi av Norsk Montessoriforbund (nå Montessori Norge), svart ut kommentarar til søknaden frå Utdanningsdirektoratet, jobba med kjøp av skulebygget, hatt fleire møter med kommuneadministrasjonen, lyst ut stilling som rektor og tilsett rektor for skulen, og mykje anna. Etablering av en friskule har så langt vore ein lærerik og spanande prosess, og målet om å drive ein god skule i Tuddal har vært ei klar drivkraft i arbeidet. Skuleåret 2022/2023 har skulen 27 elevar frå 1. til 7. trinn
The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.