Søknadsskjema er distribuert

Søknadsskjema for skoleplass ved Tuddal Montessoriskule 2019/2020 er kjørt ut i postkassene i Tuddal, ta kontakt hvis du ikke har fått eller trenger noen ekstra eksemplarer!

Søknadsskjema ligger nå også ute hos Lars på Joker Tuddal, hos Anne-Lise på Bøen Kiosk og Kafé, hos Dag Rune på XL-Bygg Tuddal Byggevarer og på Spar Saulandtunet. Løp og hent!

Søk skuleplass

Søknadsfristen for skuleplass og SFO-plass er 1. mars. Tildeling av skuleplass skjer ut frå skulens inntaksreglement. For å få kartlagd om eleven har behov for skuleskyss og liknande og for å gjennomføre opptaket, treng skulen litt informasjon om barnet. Fyll derfor ut side to av søknadsskjemaet.

Friskular som Tuddal Montessoriskule kan ta skulepengar for å dekkje nødvendige utgifter. Tuddal Montessoriskule har som mål å drive ein god og rimeleg skule som alle har råd til å gå på, og skulepengane på 360 kroner per månad går med til å dekkje kostnader til daglege fellesmåltid. Dette tilsvarar kommunens sats for matpengar i barnehagen.

Skulefritidsordninga (SFO) ved Tuddal Montessoriskule er eit omsorgs- og fritidstilbod utanom skuletida til elevane ved skulen. Målgruppa er elevar på 1. – 4. trinn, samt elevar med særskilte behov på 5. – 7. trinn. Dersom det ikkje er plass til alle som søkjer, skal dei yngste elevane prioriterast. SFO-året følgjer skuleåret, og er ope når skulen er open og er stengt når skulen er stengt. Dagleg opningstid er om morgonen frå kl. 6.45 – 8.00 og om ettermiddagen frå kl. 15.00 – 16.30. Betalingssats for SFO er 1500 kroner per månad.

Vedtekter for skulen og SFO, inntaksreglement, ordensreglement og andre styrande dokument finn du her.

Tuddal Montessoriskule søker etter fagleg engasjerte lærarar

Er du ein person som har lyst til å vere med på å forme ein ny skule?

Tuddal Montessoriskule er under etablering, og har oppstart hausten 2019. Skulen er godkjent for 40 elevar frå 1.-7. trinn.

I Tuddal har det vore skule sidan 1883, og Tuddal Montessoriskule etablerast fordi foreldra i bygda ynskjer vidare skuledrift også etter at den kommunale skulen leggast ned.

Tuddal Montessoriskule har tilsett rektor med montessoriutdanning og undervisningserfaring frå montessoriskule. Den nytilsette rektoren har dessutan erfaring  med oppstart av tilsvarande skule.

Søkarane må oppfylle krav for tilsetting og undervisning i grunnskulen, jf. Forskrift til Opplæringslova §§14-1 og 14-2, og gjerne ha vidareutdanning i montessoripedagogikk.  Kandidatar med annan relevant utdanning kan også bli vurdert.  

Vi oppfordrar spesielt lærarar med utdanning i spesialpedagogikk til å søke.

Arbeidsoppgåver

  • Organisere og gjennomføre opplæring etter montessoripedagogikk og gjeldande styringsdokument.
  • Inspirere og motivere born til utforsking og læring.
  • Kontinuerleg følge opp eleven si individuelle utvikling.
  • Skrive individuelle opplæringsplanar og årsrapportar. 
  • Etablere eit godt samarbeid mellom heim og skule.
  • Medverke til å skape eit godt miljø for elevar og vaksne i skulen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
  • Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk.
  • Motivert for vidareutdanning og særleg utdanning i montessoripedagogikk.

Eigenskapar

  • Genuint opptatt av og medviten om at barn er unike. 
  • Evne til å skape eit godt og trygt læringsmiljø der alle kjenner seg inkluderte og likeverdige.
  • Må kunne samarbeide godt både med elevar, foreldre, kollegaer og skuleleiinga.
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Strukturert og sjølvgåande.
  • Nyskapande og utviklingsorientert.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Ein trygg, tydeleg og inkluderande vaksenperson i skulekvardagen.

Kva skulen tilbyr

  • Ein unik sjanse til å vere med på å forme ein nyoppretta skule.
  • Eit styre som både er aktivt og medverkande.
  • Ein skule der fagleg utvikling blir prioritert og høgt verdsett.
  • Løn og pensjon etter kvalifikasjonar og avtale.
  • Hjelp til å finne ein stad å bu i Tuddal.

Gyldig politiattest etter Opplæringsloven §10-9 må leggjast fram før tilsetting.

Send søknad og CV med dokumentasjon på kompetanse til post@tuddalmontessori.no. Søknadsfrist er 1.2.2019.

Personvern
Din personlege informasjon er beskytta av Personopplysningsloven og Tuddal Montessoriskule er forplikta til å behandle denne informasjonen på sin sikker måte.

Når tilsettingsprosessen er over vert personopplysningane til dei søkarane som ikkje vert tilsett sletta.

Velkommen til oss!

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=138169228

Ny nettside

Etter et år med ei veldig enkel nettside var det på tide med en overhaling. I den nye løsningen er det vesentlig lettere å legge ut ny informasjon, noe som forhåpentligvis resulterer i hyppigere oppdateringer. Til nå har noe av innholdet fra den gamle nettsida blitt oppdatert og lagt ut, og mer vil komme etter hvert.