Søk skuleplass

Tuddal Montessoriskule har fått løyve til å drive friskule i Tuddal med plass til inntil 40 elevar, fleire enn det har vore ungar i Tuddal på nokre år. Me har dermed framleis god plass til fleire elevar både frå nabobygdene, nyinnflytta Tuddølar og andre interesserte. Elevar busett i Hjartdal kommune får dekka skuleskyss til og frå Tuddal. Bussen til Tuddal  går frå Sauland (Løvheim) klokka 07.30. Eventuell tilbringarskyss med drosje kan også være aktuelt etter avtale med Vestfold og Telemark Fylkeskommune og Hjartdal kommune. Bur de i ein av nabokommunane er det fint om de tek kontakt, så finn me saman med fylkeskommunen og busselskapet ei ordning på skuleskyssen. Me håpar også å høyre frå dykk om det er familiar med barn i skulepliktig alder som ynskjer å flytte til Tuddal eller bu her i en kortare eller lengre periode. Tuddal Montessoriskule har eit godt forhold til Hjartdal kommune som driv barnehage i 1. etasje i skulebygget, så det ligg godt til rette for at både store og små kan trivast i bygda.